torsdag 14. april 2011

Laurdag 12.03.2011

Når me vakna idag fekk me greie på at bylja som skulle treffe Guatemala, ikkje hadde kosta noko menneskeliv berre materielle skadar heldigvis. Me skjønna fort etter å sett bilete frå Japan når me fyrst fekk tak i internett tilgang, at foreldra våre og dei heime i Noreg hadde grunn til å bekymre seg.

Før me skulle reise tilbake til Monte Cristo om morgon, reiste me ut for å handle kjolar og vatn. Men kjølebutikkane var stengt så då var det berre vatn me skulle få tak i. Halv 9 skulle me eigentleg vere klare til å reise tilbake, men slik som dere veit er det ikkje vanleg å komme presis i Guatemala.

Etter at me kom tilbake til Monte Cristo, skulle me direkte opp til "huset" for å vaske og rydde. Me dela oss når me kom opp, nokre byrja å kviste, nokre byrja å hogge med machete og andre rydda piggtråd og sopa. Me jobba saman med dei lokale og skapa mange vennskapsbånd denna dagen. Blant anna så skulle eg hente vassflaske til Kenneth, men enda opp med å gi den til den lokale kjekkasen :)

Me har jo vore ute for mykje skader og uhell i løpet av turen, og denna dagen var ikkje eit untak. Anne hogg seg i leggen med ein machete. Og Tor måtte fylgje ho tilbake til Candy for å sy og gløymte sekken sin. Noko han ikkje merka før til lunsj. Så Tor sette seg på motorsykkelen til Elvis og køyrde opp til "huset", men sekken var ikkje å sjå. Det blei tatt opp på høgtalarar over heile grenda og heldigvis var det ei jente frå ein annan landsby som hadde sett den og tatt den med seg. Ho leverte den og fekk ca 90 Qetzaler, nesten 2 dagslønner. (norsk verdi ca.70 kr) Tor hadde flaks med den sekken, for den inneheld ein god del verdisaker, blant anna pippip-kikkert og gakkak-kamera og pass :)

Kvelden gjekk til å vere med dei lokale. Me dansa, leika, herja, turna, spela volleyball og fotball. Me læra mange spanske ord og dei mange norske ord. Eg tok tidleg kvelden for eg drog på meg ein forkjølelse, men eg veit at dei andre var ute til over 12 trur eg.

- Anne-Sofie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar