I dag vakna eg cirka kl 07.15. Me fekk frukost som bestod av speilegg, juice, brød, maislefse og frukt. NAM! Etter dette var det på tide med arbeid, noko som alle hadde sett fram til. Me skulle rydde felles arealet for søppel og kvist. Me jobba saman med elevane frå Monte Cristo. I tillegg skulle me plante nokre fine buskar. Reiskapen mebruka var masjete og eit slags spett. Spettet bruka me til å lage plantehol og masjeta bruka me til å reinske opp i blomsterbed og kutte kvist . Me frå Søve fekk prøve lage plantehol. Eg tenkte at dette kom til å bli like lett som å staure, men der tok eg grundig feil. Jorda var kjempe hard, så mengda jord som me fekk opp var liten. Dette hadde gått mykje raskare om me hadde bruka spade. Elevane frå Monte Cristo lo litt då dei såg oss streve med eit hol, då dei hadde gjort ferdig fire hol.
Etter ein god innsats, var det på tide med pause. Dei frå Monte Cristo var veldig nysgjerrige og ville bli kjent med oss. Dei snakka og snakka sjølv om eg ikkje skjønte så mykje av det i starten. Dette gjaldt då dei mindre ungane. Ein av gutane med namn Marlon kappa av ein bit av ein palme og når han bretta den ut, blei den til ein stor vifte. Han haldt den over meg slik at eg fekk skygge. Noko så sjarmerande! Menneska i Monte Cristo er noko dei vennlegaste me har opplevd nokon gong. Tenk om det hadde vore slik i Norge. Kamera og annen teknologi syntes dei også var veldig interessant.
Etter forfriskninger var det på tide med måltid hjå Kendy. Etter nok eit glimrande måltid, stod det fotballcup for tur! Eg må innrømme at eg hadde sett fram til dette, men eg hadde klart å skaffe meg nokre sår under føtene frå i går. Dette gjorde til at eg og Tor blei einig om at eg skulle halde meg vekk frå banen for denne gong, heilt til konkurranseinstinktet mitt tok over. Fyrste kampen stod mellom folk frå Norge mot jenter frå Monte Cristo. For Norge spilte: Kenneth, Cathrine, Anne, Ragnhild, Anne Sofie, Helena og Malene. Det norske laget vant etter ein artig kamp som fylt med sveitte og godt humør. No vart det tid for kamp mellom gutane som bestod av:
Lag 1 Lag 2
Adrian (Guatemala) Jason (Guatemala)
Kristoffer (Guatemala) Marlon (Guatemala)
Elbis (Guatemala) Dustin (Guatemala)
Roberto (guatemala) ? (Guatemala)
Knut Kittil (Norge) ? (Guatemala)
Harald (Norge)
Kenneth (Norge)
Lag 1 vant etter ein avjerande straffekonkurranse. I mens kampen stod på leika me frå Søve med barna i Monte Cristo. Dei såg nok på oss som gigantiske heisekraner som kunne løfte dei 2 meter opp. Dette var tydelegvis stas. Då gutane var ferdig, var det tid for jentene igjen. Denne kampen bestod av jentene frå Norge mot eit yngre jentelag frå Monte Cristo. Norge tapte med eit smil om munnen.
Etter kampen var det på tide med å overrekke gåva frå Søve. Alle elevane i Monte Cristo hadde samla seg for å få det med seg. Ragnhild leste opp ein kjempe fin tale i tillegg til at me også fekk fine ord av Adrian, Elbis og Harald. Knut Kittil oversatte for oss. Alle blei så glade og gav gods respons! Me fekk også tildelt diplom for deltaking av fotballkamp mellom Monte Cristo og Norge.
Etter middag og dusj var det på tide for meir show, både frå Monte Cristo og Søve sin side. Me fekk sjå skodespel og dans. Det var vanvitig bra! På felles arealet til Monte Cristio har dei ei scene der showet gjekk føre seg. No var det elevane frå Søve som skulle i elden. Me hadde laga ein power point før reisa og eg hadde også lagd ein film som kunne visast. Det hadde samla seg masse folk i felleshallen for å sjå på. Uheldigvis vart overheaden dårleg, slik at me ikkje fekk sjå heile bilete. Det blei derfor til at me berre bladde fort igjennom power pointen og viste deretter filmen. Dei klappa sjølv om dei kanskje ikkje fekk sjå så masse. Etter framvisinga, fekk me tid før me skulle legge oss til å bli betre kjent med folka i Monte Cristo.
Malene Nordbø
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar